Tips
Alle innleggRegia sjokoladekake
Det må bakast litt no i april, så i går laga eg sjokoladekaka som står på eskene til Regia-kakaoen. Veldig enkel og grei, og røra smakar i alle fall veldig godt :) (Har ikkje testa kaka steikt endå, altså.)
Kakebotn:
– 2 egg
– 250 g sukker (2 3/4 dl)
– 150 g margarin
– 250 g kveitemjøl (4 dl)
– 3 ss Regia Orginalkakao
– 2 ts bakepulver
– 2 ts vaniljesukker
– 1,5 dl mjølk
Pisk eggedosis av egg og sukker. Smelt margarin, avkjøl og hell i eggedosisen. (Viktig å venta til margarinen er avkjølt, elles kan egga verta øydelagde.) Sikt i det tørre. Ha i mjølk og rør deigen jamn. Så skal det i rund kakeform med bakepapir i botn. Du kan bruke 22-24 cm form slik oppskrifta seier, eller 26 cm slik eg gjorde. Steik kaka ved 180 grader. I 45-60 minutt om du har dei minste formene. 35 minutt var passe til 26 cm. Her er det bare å prøve seg fram med ein strikkepinne!
Glasur:
– 100 g melis (godt og vel 1,5 dl)
– 3 ss kakao
– 1 ts vaniljesukker
– 2-3 ss vatn
Sikt det tørre saman, og ha i litt og litt vatn til det er passe tjukt. Oppå glasuren la eg kvite sjokoladedropar. Kaka er fin å frysa!