Tips
Alle innleggFocaccia
Nå i grillsesongen er det litt ekstra godt med eit godt focacciabrød. Focacciaen fint erstatta pølsebrød eller loffskiva, og gir «det vesle ekstra» til grillmåltidet. Kan jo i same rennet nemna at eg faktisk har tydd til Møllerens foccacia av typen » ferdig på 1-2-3″, og at den også var veldig god. Men det er alltid kjekt med mat som er laga heilt frå botn av dersom ein har tid til det.
Oppskrifta under er det Trine i Trines matblogg som står for.
Ingrediensar:
– 50 g gjær
– 1 liter vatn
– 6 ss olivenolje (også mogleg å bytta med til dømes Vita hjertego si olje som er ei blanding av solsikkeolje, rapsolje og olivenolje. Denne set litt mindre smak enn olivenolja.)
– 2 liter kveitemjøl
– 1 ts salt
– 1 ts sukker
På toppen:
Her kan du ha det du ynskjer. Dei aller fleste har uansett flaksalt (gjerne Maldonsalt) og rosmarin – i tillegg til rikeleg olje, det høyrer med. Ein kan også ha på olivenolje, soltørka tomater eller fetaost.
Løys gjæren i kroppstemperert vatn (dersom du bruker ferskgjær. Tørrgjær bør blandast saman med alt det tørre, før du så heller oppi den lunka væska). Ha i olje, sukker og salt. Elt inn kveitemjølet. Ha på litt olje mot slutten av eltinga, slik at deigen blir smidig å jobba med.
La deigen heva i 40 minutt. Ha deigen i ei stor langpanne. Smør forma eller bruk bakepapir. La brødet heva ein gong til, i ca 30 minutt. Lag så groper i deigen med fingrane, ha litt olje over deigen, og dryss over med flaksalt, rosmarin og den garnityren du ynskjer.
Steik i 30-40 minutt på nedste rille ved 225 grader. Avkjøl focacciaen på rist.
Det er mogleg å frysa brødet og tina det opp når du skal bruka det. Då vil eg tilrå å varma det litt igjen, det kan kjennast litt tørrare etter å ha vore i frysen ein gong. Focaccia er supert tilbehør til supper, gratengar, grillmat, på koldtbordet, til tapasen – eller god snacks åleine.