God påske!

I dag er det første påskedag, og det er MYKJE større enn bursdag og syttende mai på ein gong! Vi feirar at Jesus vann over døden, at døden rett og slett døde. Døden er ikkje lenger det siste, det finst liv og håp i store mengder for den som tar imot Jesus. Derfor: GOD PÅSKE, gratulerer med sjansen til å gi livet ditt til han som elskar deg meir enn alt, til han som valte å dø på korset for deg, om du så hadde vore det einaste mennesket i heile verda ville han gjort det same.

DSC_0022_RE

Leseteksten som blir brukt i kyrkjene i Noreg på første påskedag er henta frå Lukas i år:

Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. (Luk 24, 1-9)

DSC_0020_RE

Tips til ein nydeleg påskesang: «The Power of the Cross» med Kristyn Getty. (Er å finna på Spotify og her på Youtube: http://www.youtube.com/watch?v=aowdjLeaCYs

GOD PÅSKE!

Legg igjen ein kommentar