Aldri meir 9. april

9. april 1940. Han vakna opp med den same forventninga til dagen som han hadde gjort 8. april. Og 7. april. Han visste godt at situasjonen var spent i store delar av Europa. Han og ein kollega hadde drøfta det kvelden før. Kollegaen meinte dei burde vera førebudde på at uroa kunne verta opptrappa. «I morgon har de dei», sa kollegaen. Tyskarane var farlegare no enn dei hadde vore på ei stund. Men Noreg? Nei, her kjende han seg trygg. Han var lærar, og kunne si historie. Noreg hadde vore nøytralt under første verdskrig, det kunne vel ikkje vera verre no.

Han tassa ut av senga og inn til kjøkenbenken. Fyrte i omnen og sette vatnet på kok. Skrudde på radioen. Det var då verda stogga nokre sekund. Først forstod han ikkje. Tyskarane var her? I Noreg? Både i Oslo, Bergen og Stavanger, sa radioen. Andre stader også. Krig? Han såg ut av vindauget. Såg tuntreet som var i ferd med å skyta friske knoppar. Det var jo vår, det var jo tida for nytt liv, ikkje tida for okkupasjon, ufridom, krig.

Det blei ikkje kaffi. Han heiv i seg eit brødstykke. Skuleborna kom snart til skulehuset, men han måtte innom gamlefar først. Tok sykkelen fatt. Far hadde levd lenge, livet hadde sett djupe spor på mange måtar. Sykkelen suste bortetter grusvegen. Det siste han ynskte for far no, var at han måtte oppleva endå ein krig. Endå tettare på enn sist.

Gamlefar på 87 låg i senga. Tidlegare underoffiser, med rikeleg kjennskap til krigens konsekvensar. Han fekk nyheita. Reiste seg opp i senga og sa: «Er det sant dette og? Gud vara oss.» Ja, visst var det sant. Og visst trengte dei Guds vern.

Borna på skulen leika endå. Dei slo ball, var glade for våren. Men denne barnlege bekymringslause gleda fekk brått ein slutt. Ikkje bare i fem minutt. Men i fem år. Han samla borna i skulestova. Fortalde det enkelt, men sant. Borna vart alvorlege. Saman song dei «Vår Gud han er så fast ei borg, han er vår skjold og verja». Så stemte dei i «Gud signe vårt dyre fedreland». Medan dei song om sitt dyre fedreland, om harde tider, undertrykking, mørke og netter og endeleg ljos dag, vart landet på nytt innteke av framande makter. Duren vart sterkare og sterkare. Ein uvanleg, djup, mørk lyd. Tyske fly var at på rekognosering i området.

Borna fekk gå heim att, kvar til sitt. Mange av dei vaksne samlast seinare på dagen for å drøfta kva dei skulle gjera. Men lite visste dei den dagen at 9. april 1940 var starten på fem lange år med ufridom og undertrykking, uvisse og uro. Lite visste dei at tyskarane kom til å stasjonera seg i bygda, med 300-400 mann på det jamne. Lite visste dei om framtida, og det var nok det beste. Men eg trur dei kunne vera samde om éin ting allereie denne dagen: Aldri meir 9. april!

(Basert på ei sann historie nedskriven av Torleiv Heggebø.)

Legg igjen ein kommentar