Tips
Alle innleggFestkake
Ei frisk, saftig og god blautkake, eller bløtkake for bokmålsfolket! Fyllet her er bringebærmousse, og det tar litt tid å laga, men litt ekstra tid må ein gjerne leggje i festkaker :) Oppskrifta på bringebærmoussen er henta frå Den store kakeboken av Sverre Sætre.
Sukkerbrød:
– 4 egg, romtempererte
– 100 g sukker
– 75 g kveitemjøl
Slik gjer du: Forvarm steikeomnen til 180 grader. Pisk eggedosis av egg og sukker. Egga bør vera romtempererte. Om du har gløymt å ta dei ut av kjøleskåpet, kan du legga dei i litt varmt vatn (frå springen, ikkje koke-varmt) i nokre minutt. Pisk gjerne i 20 minutt for å få det godt og luftig, bruk miksar eller kjøkkenmaskin. Start med roleg miksing, og gå opp i styrke etter kvart. Sikt i mjølet. Vend det veldig forsiktig inn i eggedosisen slik at lufta ikkje går ut av røra. Bruk slikkepott til dette.
Ha røra i kakering, 24 ca (på biletet har eg brukt 26 cm, men då måtte eg til med halvanna kakebotn for å få tre sukkerbrødlag). Bruk bakepapir om du vil ha noko i kakeforma, ikkje smør eller formfett på sukkerbrød. Steik botnen midt i omnen i 35 minutt til kaka er gyllen. For å unngå at kaka synk saman på midten etter steiking, plar eg la ho stå litt i den varme omnen med døra på gløtt. Slik bevarer kaka høgda enklare. Ta kaka ut av omnen etter kvart, men la ho avkjølast i ringen. Kaka kan godt lagast på førehand og frysast. Det er ein fordel på den måten at kaka er lettare å dela opp når ho er halvtint.
Bringebærmousse:
– 3 gelantinplater
– 220 g frosne bringebær, tint
– 60 g eggekvite
– 60 g sukker
– 1,25 dl kremfløyte
Slik gjer du: Legg gelantinplatene til bløyt i kaldt vatn i minimum 5 minutt. Ha bringebæra i foodprosessor og lag pure. Varm halvparten av pureen i ei gryte. Ta gryta av plata når det når kokepunktet. Klem vatnet ut av gelantinplatene og bland dei i den varme pureen. Bland godt. Ha i resten av pureen og bland alt godt saman. Ha pureen i ein bolle og la han stå i romtemperatur til han vert kald. Det tar omlag 20 minutt.
Pisk sukker og eggekviter til marengs. Det er viktig at det ikkje kjem med noko frå eggeplommene. Når pureen er kald piskast han inn i marengsen med handvisp. Pisk kremfløyten til krem. Bland kremen inn i bringebærmarengsen i to omgangar med ein slikkepott.
Montering:
Del kakebotnen i tre. Set ein passelig kakering på eit fat og ha i eit par remser med bakepapir slik at kaka vert lett å løysa frå ringen etterpå. Legg eitt av kakelaga nedst. Ha over halvparten av bringebærmoussen. Ha over kakering nummer to, og legg på resten av moussen. Ha over kakebotn nummer tre. La dette stå kaldt ei stund. Moussen skal helst ha 2,5 time for å bli heilt stabil.
Ta av kakeringen når du så skal pynta. Eg har pynta kaka med krem, bær og pikekyss. (Pikekyss vert fort mjuke, så om du vil ha dei sprø, må du legga dei på rett før servering.) Du kan reikna med rundt 3 dl kremfløyte til pynt. Eg er ikkje så glad i krem, så det var kanskje eit litt tynt lag her. Bruk gjerne meir :)