Her kjem oppskrift på ei litt finare eplekake. Ho er, sånn heilt objektivt sett liksom, verdas beste eplekake, og passar kjempegodt til litt is no på hausten.

DSC_0102_RE

Ingrediensar:

– 125 g mjukt smør

– 125 g sukker

– 250 g kveitemjøl

– 1 egg

– 1 ts vaniljesukker

– 2 toppa ts bakepulver

Til toppen:

– 3 eple

– kanel

– sukker

– 1 pk vaniljekrem

– eggekvite til pensling

Slik gjer du: 

Smuldre sukker, smør og kveitemjøl. Bland i egg, vaniljesukker og bakepulver. Kle ei rund kakeform ca 26 ca diameter med bakepapir, og klem ut ca 3/4 av deigen i botnen av forma. Spar på den siste delen av deigen.

Skrell eplene og del dei i båtar. Legg dei over deigen i kakeforma, og strø kanel og litt sukker på. Ha så over vaniljekremen. På toppen: Rull ut pølser av den siste delen av deigen. Legg dei i rutemønster på toppen. Pensle deigen på toppen med litt eggekvite.

Steik kaka i forvarma omn. Ca 30 minutt i 180-200 grader. La ho kjølne litt i forma etter steiking (5 minutt), men ho er best varm. Nyt det! Server gjerne med is og kaffi til :)

DSC_0084_RE DSC_0092_RE DSC_0096_RE DSC_0100_RE DSC_0104_RE DSC_0089_RE DSC_0087_RE DSC_0105_RE