Rasmus Steinsvik

Når ein studerer norsk kjem ein innom nokre personar som ikkje er veldig kjende, men som har sett sine spor i historia. Rasmus Steinsvik er ein av desse. I dag er det nøyaktig 100 år sidan Steinsvik døydde. I september i år er det 150 år sidan han vart fødd. Han vart berre 50 år med andre ord.

Steinsvik var ein svært viktig mann i arbeidet med å gjera nynorsken til eit bruksspråk. Arne Garborg skreiv i dagboka si: «Steinsvik daain. Det er det tyngste tap me no kunde lide … Me hev ingenting å setja i staden hans.» Steinsvik hadde oppturar og nedturar i karriera si. Men etter å ha vore med på å styra målbladet Fedraheimen på gal kurs, hadde han lært.

I bladet Den 17de Mai fekk han visa kva han var god for. Til siste dag arbeidde Steinsvik med bladet, og hausta mange gode ord: «makelause gåvur, med den høgste stilkunst» sa Arne Garborg. «Mest smålåtne og elskverdige menneske ein kunne koma sa­man med», sa Anders Vassbotn.

Meir om Steinsvik her: Rasmus Steinsvik 

Legg igjen ein kommentar