Tips
Alle innleggPikekyss
Oppskrift på nydelige pikekyss frå Sverre Sætre si bok Den store kakeboka. (Ei kakebok som er VELDIG kjekk å ha, forresten!)
Ingrediensar:
– 3 eggekviter
– 90 g sukker
– 90 g melis
– konditorfarge om du vil
Slik gjer du: Forvarm steikeomnen til 120 grader. Pisk eggekvite og sukker til marengs. Bruk kjøkkenmaskin eller miksar. Begynn piskinga på låg hastigheit, auk etter eit minutt. Ha i melisen og pisk godt. Ha i konditorfarge etter eige ynske. Bruk sprøytepose til å spruta pikekyssa fint ut på ei steikeplate med bakepapir. Steik i omlag 50 minutt til marengsen blir tørr. Store pikekyss treng gjerne litt lengre tid.
Eg steikte litt for varmt, så mine er litt sånn småbrune. Men fargen blir finare visst du held deg til oppskrifta sin temperatur, såpass har eg lært!