My box – eit resultat av å ha litt ulike ting liggjande. Boksen var opprinneleg ei eske med Lindt-konfekt. I og med at dette var verdas beste konfekt, var det jo for gale å kasta eska! Dermed vart ho liggjande. Ein dag dukka ho opp saman med eit nokså tomt bokstavbrett. Det er liksom nokre bokstavar som aldri vert brukt, difor «My box» :) Boksen kan brukast som gåveeske, til oppbevaring eller bare til pynt. Framleis ligg han berre i korga med andre papirprodukt…