Optimisten

bilde 5

Det nærmar seg såtid, skal ein tru kalenderen. Og slik såg frøhandelen til optimisten meg ut i fjor. Med eit knøtt av ein hage kom berre halvparten av frøa i jorda. Halvparten av kvar type, sjølvsagt. Alt må prøvast! Men det var fleire enn meg som likte frøa. Desse brunsniglane. Eg forstod fort at det einaste som ville overleva var det som kom i krukker på verandaen. Forutan erteblomane, då. Både blomkarsen og sukkerertene overlevde bedet sånn noko lunde.

I år er eg optimist igjen. Ikkje fordi eg trur at eg vil lukkast med alt eg kjem til å så, men for at berrfrosten kanskje har teke knekken på nokre av desse udyra i hagen. Det er lov å håpa! Så gjenstår det å sjå om den siste halvparten av frøa kjem i jorda før det er for seint.

Kommentarar (1)

Legg igjen ein kommentar