DSC_0249Velkommen innom Heimsyn! Håpar du kan finna noko her som kan vera til glede og inspirasjon! Namnet «Heimsyn» fortener kanskje litt forklaring. Å heimsjå seg tyder å sjå seg kring i heimen. Ivar Aasen, 200-årsjubilant i det året bloggen vart til (2013), skreiv verket Heimsyn der han såg seg mest kring i verda. Av og til vil bloggen Heimsyn også sjå seg kring i den vide verda, men først og fremst i den nære heimen og hagen.

Med interesse for mellom anna blomar, baking og kortlaging er det vel naturleg at bloggen tek den retninga også!

Om innlegga: Her går det mykje i hage og blomar! Og i og med at det er vanskeleg å forklara ein hage, vil eg heller prøva å visa ved hjelp av bilete.

Om mat: Det er jo alltid eit sjansespel å baka etter oppskrifter ein bare har sett, ikkje smakt. Her på bloggen vil eg i alle fall satsa stort på å bare leggja ut oppskifter eg kan anbefala sjølv. Eg er glad i å baka kaker og gjærbakst, men syns det er heilt ok å laga andre typar mat. Eg er ingen mesterkokk, så oppskriftene er difor på eit slikt nivå at sjølv eg kan klare det :)

Om kreativt: Er veldig glad i å «klyppa og lima», kortlaging og dekorering av ulike typar esker er nok favorittane akkurat no. Også dette på eit ikkje veldig avansert nivå, og eg liker enkle stilar. Det er gøy både å laga og å få heimelaga ting, og eg trur det er viktig å visa at ein ikkje treng å ha mykje pengar, tid eller utprega kreative sansar for å laga koselige kort. Og så har eg ein symaskin som eg gjerne vil bli betre kjent med:)

Om meg: jente på 25 år, har bachelorgrad i norsk og historie, held på med master i nynorsk skriftkultur, underviser litt på VGS, gift med ein veldig god mann, huseigarar frå august -14, glad i nynorsk, likar å jobba i hagen, baka, skriva, fotografera, spilla piano, sy, reisa, laga kort og mange andre ting.

Velkommen til å fylgja med på bloggen!

– A

 Å heimsjå seg tyder å sjå seg kring i heimen.