Hageliv

Det er veldig fint med ferie av og til, men det er jammen meg litt trist å reisa frå hagen! Eg tok med kameraet rundt i hagen like før avreise, så her får du bli med på ein rundtur.

DSC_0039_RE

Av skade blir ein klok. Av snegleår blir ein taktisk. Det store snegleåret i fjor har resultert i at eg har putta årets hage i krukker og oppå kassar, i håp om å halde sneglane litt på avstand. Vi har også gjort grep i sjølve hagen, med mykje bark og grus og lite sneglevenlege planter og buskar. Kanskje det hjelper…? Og sånn i tilfelle: Nei, eg pleier ikkje å ha heile hagen oppstilt under kjøkkenvindauget. Men eg trur det er greiast slik med tanke på vannehjelpa eg får frå naboen og frå oven!

det er jammen meg litt trist å reisa frå hagen!

DSC_0041_RE

Dette hjartet laga eg til jul for eit par år sidan og kledde i grønt. Men det fungerer fint slik i sommarhalvåret.

DSC_0042_RE

Har samla saman nokre store blekkboksar, spraya og bora hol til hjarte. Enkelt og dekorativt!

DSC_0044_RE

I fjor vart stemoren berre pistrete og stygg, men i år har dei verkeleg tatt heilt av! Dei har stått lenge, og vore veldig fine. Men nå trur eg dei syng på siste verset.

DSC_0050_RE

Så er vi på baksida av huset, denne sida ligg like ved sjøen. Her er det ein skråning som vi har laga bed i, og her er det litt plen. Og akkurat her som biletet viser var fjorårets kjøkkenhage (heilt til sneglane hadde rydda opp). I år snekra mannen ein kjekk kasse, og her skal det bli pyntegraskar. Spent på det!

DSC_0061_RE

I den nemnde skråningen bak huset har eg planta to slike. Dei heiter Lovely Pink, på fint Potentilla fruticosa. Er i nær slekt med desse gule som liknar veldig, men desse er altså rosa, og typen er nokså ny. Veldig fine!

DSC_0056_RE

Og så har vi nokre roseplanter. Denne har overlevd den harde vinteren i år, ei nyydeleg rosa, langstrakt David Austen-rose.

DSC_0052_RE

Ha ein fortsatt god sommar!

Kommentarar (2)

Det er ikkje høve til å kommentera.