Guide til Riga

I påskeferien hadde vi fem dagar i Riga, og det var veldig kjekt! Men for meg som er vant med å reisa til London, syns eg det er lite informasjon å finna for ein turist i Riga. Så her er mitt bidrag til ein «guide til Riga»! Det er jo klart at når ein reiser som turist og ikkje som reisehandbokforfattar, så gjer ein det ein likar best sjølv, et det ein likar best sjølv og ser på det ein likar best sjølv. Så dette er på alle måtar ein veldig lite objektiv guide, men det får du leva med ;) Vi var her nok også utanom turistsesongen. Ja, vi var her i påskeferien, men det var frå palmehelga og utover fem netter, så vi reiste heim att når dei fleste ankom Riga til påskehelga. Det var merkbart fleire folk i byen dei siste dagane, så det er tydeleg at det svingar litt med feriane.

DSC_0137_RE

Hotell

Vi budde på Grand Palace Hotel (trykk HER for link til heimesidene deira). Dette var eit aldeles strålande hotell! Topp service, kjempeflotte rom, god frukost, og forholdsvis roleg strøk. Hotellet ligg sentralt i gamlebyen i Riga. Når ein kom ut på trappa så kunne ein gå hundre meter til venstre, og vips så var ein på domkyrkjeplassen. Til å ha så høg standard (femstjerners) og sentral plassering, er dette hotellet rimeleg sett med norske auge. Det var kanskje litt masse fisk på frukostbuffeten, men det går an å eta seg mett på det andre og ;) Verken på hotellet eller andre plassar i Riga skal ein drikka vatn frå springen. Men her fekk vi ei flaske vatn til dagen, så det ordna seg jo. Og romservice fekk vi to gongar dagleg. På den siste runden la dei sjokolade på hovudputa kvar dag, det er jo med på å trekka poengsummen laaangt opp! ;) Flott hotell, du bør sjekka og vurdera det om du skal til Riga!

DSC_0005_RE

Kva kan ein sjå/gjera i Riga?

Ein kan nok sjå og gjera meir i Riga når det er høgsesong for turistar. Vi var utanom sesongen på alle måtar, og måtte nok leita litt meir etter opplevingar enn ein vanlegvis treng i høgsesongen. Ser mange turistsider seier at ein bør reisa til Jurmala, ein strandby litt nord for Riga. Denne såg flott ut frå lufta (med fly), men var ikkje aktuelt på denne tida av året.

Vi testa ein del kjøpesenter: Galerija Centrs, Stockman og Origo i/nær gamlebyen, Alfa Centrs litt sør-vest for sentrum og Spice litt nord mot flyplassen. Dei fleste kjøpesentra er store og av nyare dato, med internasjonale kjedar. Alle turistsider eg hadde besøkt før vi reiste til Riga, sa ein kunne handla veldig rimeleg her. Dette trur eg er sterkt i ferd med å endra seg. Riga blir meir og meir ein by på same prisnivå som vestlege europeiske byar. På Origo fann vi flest rimelege butikkar, trur eg. Men generelt syns eg nesten det var enklare å handla rimeleg i London enn i Riga. Oslo er nok framleis hakket dyrare… Frå og med januar i år vart Euroen innført, så nå er det Euro som gjeld i Riga. Mange oppgir framleis prisane i både Lats og Euro, men Euro er greiast som turist. Vi brukte kort på «seriøse» butikkar, og hadde kontantar til restaurantar og marknadar.

Central Market er også verdt eit besøk. Det er kanskje ikkje så aktuelt for ein turist å dra med seg kjøt og ost og slikt, men det er kjekt å sjå på slike marknader, syns eg. I fire-fem store hangarar frå krigen er det livleg marknad for kjøt, fisk, mjølkeprodukt, frukt, blomster, kler, sko, souvenir og mykje anna rart. Gøy å sjå!

Utsikt? For å sjå godt utover byen kan eg på ein måte anbefala å ta heisen opp til Skybaren i Radisson Hotel Latvia. Eg kan «på ein måte» anbefala det fordi det er litt skummelt å ta heisen på utsida opp 26 etasjar for oss med høgdeskrekk, men det var kjekt på andre forsøk! Hotellet ligg i gåavstand frå hotellet vi budde på, og ligg like ved gamlebyen. For dei med mindre høgdeskrekk skal det også vera fint å ta heisen opp i TV-tårnet. Men der gjekk grensa for min del!

DSC_0075_RE

Riga Zoo: Dyrepark er gøy! Riga Zoo er nesten alltid ope, og kostar bare rundt 50 kr å komma inn i for ein vaksen. Mange ulike typar dyr, meir og mindre eksotiske, men også her er det nok meir liv blant både dyr og menneske i høgsesongen. Vi tok taxi ut hit, kosta rundt 100 kr pr veg om eg ikkje hugsar feil.

DSC_0106_RE DSC_0127_RE

Og så har vi dei typiske turistattraksjonane. Dei finn du nok informasjon om på andre sider, så dei trur eg eg hoppar over her. Men eg vil anbefala å gå over ei av bruene for å komma til andre sida av elva. Då ser du alle dei fine kyrkjespira som stikk opp mellom dei gamle, flotte bygningane i gamlebyen. I august skal det opna eit nytt, stort nasjonalbibliotek her. Om det liknar mest på eit isfjell eller ei bok som ligg oppslått opp ned var det litt usemje om i reisefylgjet, men det er stilig at dei er så glade i bøkene sine, syns nå eg (som forøvrig er veldig glad i både bøker og bibliotek). Vi gjekk over brua nærmast dette nye nasjonalbiblioteket i alle fall, og her var det eit slags parkanlegg med flott uteområde og god utsikt til gamlebyen.

DSC_0187_RE DSC_0192_RE DSC_0163_RE

For dei som er interesserte i arkitektur, må Riga vera flott. Her er mange flotte bygningar i jugendstil, og ikkje minst er her mange ulike og store kyrkjer frå ulike kristne retningar. Vi var inne i eit par av dei, flott å sjå!

Av museum er der mange i Riga, både med krigshistorie og andre typar historie. Dette er også ein del informasjon om på f. eks rigaguiden.no. Vi var innom Museum of the History of Riga and Navigation. Stilig og stort museum med båtar, krigshistorie, folkehistorie og så vidare.

Transport

Bussane, trikkane og toga er billige i Riga har eg lest, men vi tok ikkje nokon av dei… Det var veldig vanskelig å finna ut av systemet, så vi tok taxi og var nøgde med det! Dei var også veldig rimelege for ein nordmann. Ein tur frå flyplassen kosta rundt 110 kr, og det var det lengste vi tok taxi. Men ver merksam på at det er ikkje alle som driv etter felles spelereglar, så det er lurt å bruka taxiane som er raude eller grøne. Dei svarte har også skilt på taket og ser ut som taxiar (det er dei nok òg), men opererer med heilt andre prisar.

Det er mykje å sjå og gjera i gamlebyen. Velg eit hotell som ligg sentralt i gamlebyen, så har du gangavstand til mykje! (Men pakk gode sko, for brusteinen er ikkje så behageleg.)

Språk

Dette kan Riga bli flinkare på! Dei aller fleste snakka godt engelsk, men så godt som ingenting av plakatar eller oppslag på f eks museum eller togstasjonar stod på engelsk. (Tips: Lær deg russisk.) (Neida.)

Mat og drikke

Spør nokon andre enn meg om mat. Ja, eg er glad i mat, men eg bestiller alltid det same, så eg er lite oppfinnsom her ;) Men det skal seiast at dei var gode på det eg likar! (Pizza, burger, salat, kylling.) Når det gjeld drikke, så seier reklamane der at ein ikkje har vore i Riga utan å smaka Rigas Black Balsam. Men det er eg heilt usamd i! Eg har vore i Riga i mange dagar, og det gjekk heilt fint utan verken Black Balsam eller andre typar alkohol. Brus og te er godt her også. Maten er rimelegare i Riga enn i Noreg. Er du ute etter eit billig billigmåltid har du McDonalds her også, eller kjeden Charlies Pizza. Maten på Charlies var OK, men servicen var til tider heilt dårleg. Prisane var derimot gode!

For litt finare middagar kan eg blant anna anbefala desse tre husa på rad på bildet under. 4 Rooms til venstre var vi innom, der var det nydelig mat i flotte rom.

DSC_0068_RE

Handletips

Kjøp for all del det du vil sjølv. Men Riga er gode på rav og lin. Hadde eit håp om billig krystall her, men det eksisterte ikkje. Som ein vaskeekte sjokoladeelskar kan eg tilrå Laima. Dette er kanskje Latvias svar på Freia eller Nidar. Laima var etter min smak veldig god, i alle fall platene med rein sjokolade. Fylt sjokolade kjem vel an på smak og behag uansett. Laima har veldig rimelig sjokolade. Betalte til dømes ca 12 kr for 100 gr fin, mørk sjokolade. Eller 10 kr for 9 bitar med konfekt i ei koselig eske. Og så er Laima god på tilgjengeligheit, det ligg butikkar rimeleg tett i gamlebyen. Emils Gustavs Chocolate er også eit kjent sjokolademerke i landet, hakket meir eksklusivt og dyrt enn Laima.

Nettverk

Riga er god på wifi! Det er raske trådlause nettvert omtrent over alt. På hotellet, i taxien, på cafeen, i butikken og på senteret.

DSC_0202_RE

Anbefaler i alle fall ein tur til flotte Riga :)

Legg igjen ein kommentar