Det er godt vi har nynorsken!

Til tider kan det kjennast som det er overveldande mykje vanskeleg som skjer i verda. Kor kjem alt det vonde frå? Kven har ansvaret? Kvifor skjer alt dette? Dette evige problemet med å leggja skulda på nokon for det som skjer. Ei løysing må vi jo ha. Til alle tider har menneska villa leggja skulda på Gud. Men det er vanskeleg å gi han skulda for alt, det er så fjernt. Så lite konkret. Ein kan til tider gi skulda til Krf, men desse har klart definerte leiarar som veit å svara for seg.

Nynorsken er på mange måtar greiare å skulda på. Det er ingen som er partileiar i nynorsken, så her tek det litt meir tid før nokon tek til motmæle. Men samstundes er nynorsken handgripeleg. Til skilnad frå alle verdas millionar kristne, muslimar og jødar som liksom kan «representere» ein gud, så er nynorsken stort sett berre representert av Are Kalvø, Sylfest Lomheim, Ottar Grepstad, Høgskulen i Volda og nokre få norsklærarar med hakk i plata. Dette er sjølvsagt ein meir handfast og lett angripeleg fiende for dei som vil verda berre godt.

Difor kan vi gi nynorsken skulda! Vi skuldar på nynorsken når det skjer noko kriminelt. Og årsaka verkar jo logisk nok: innvandarar som i utgangspunktet har mange problem, vi kan jo nemna matmangel, vatnmangel, pengemangel, kunnskapsmangel, lese- og- skriveferdigheitsmangel, familiemangel, identitetsmangel, tryggleiksmangel, medisinmangel, og andre mangelsjukdommar, får berre endå eit nytt problem når dei kjem til Noreg: dei må læra nynorsk!

Hege Jensen, andrekandidat på FrP si Stortingsvalliste i Hedmark meiner at nynorsken kan føra til frustrasjon, dropout og kriminalitet. Blant ungdom med innvandrarbakgrunn. Ein kan jo på mange måtar vera samd. Det er jo litt kjipt å måtta bli frustrert. Å føla at ein ikkje meistrar noko med ein gong. Å måtta jobba for å læra det. Å ikkje berre kunna følgja straumen, fordi heile straumen treng å læra nynorsk.

På den andre sida er det dessverre slik at livet er litt kjipt. Det finst allereie moglegheit for fritak frå sidemålsundervisning, og mange av dagens ungdom med innvandrarbakgrunn oppfyller krava til eit slikt fritak. Det kan godt vera at det luraste er å søkja om eit slik fritak dersom ein har innvandrarbakgrunn.

Men så til dagens kontroversielle utsegn: Den norske ungdommen manglar på mange måtar sunne utfordringar. Det er rikeleg nok av usunne utfordringar. Vi har motepress, kroppspress, interiørpress, teknologipress, kjærastepress, matpress, sosiale-medium-press og så vidare. Det betyr kanskje at ungdommen har for god tid til å tileigna seg og analysera slike press. Dersom alle ungdommar – og då meiner eg faktisk alle, for her kan ingen sitja att med tid til å skapa press – kunne fått oppleva sunne press, trur eg alle hadde fått det betre.

Det er mykje som er slike sunne utfordringar. Og for dei som synest at nynorsk er vanskeleg, meiner eg faktisk at nynorsk er ei slik sunn utfordring. Som alle har godt av. Men som ein har godt av dersom ein ikkje allereie har eit umenneskeleg press på seg frå alle hald. Og det har dagens ungdom. Det er dette presset vi må jobba for å få vekk. Det er her rota til frustrasjon, dropuot og kriminalitet ligg. Nynorsken har dessverre berre fått den berømte – men urettferdige – rolla som dropen som får begeret til å renna over. Dropen som synleggjer at her er eit allereie nesten fullt glas av bekymringar, press, usikkerheit, utryggheit, uro og så vidare. Og dette er svært udefinerbare dropar som vert til det fulle begeret.

Så får vi konkludera med at nynorsken ikkje er den einaste årsaka til frustrasjon her i landet, i alle fall. Det var kanskje verken KrF eller nynorsken si skuld at Fatima fann sidemålsopplæringa for vanskeleg. Kanskje hadde det ein liten samanheng med at skulesekken var full av undertrykte krigsminne, bekymringar for slekta i Midtausten, kjensla av å ikkje passa inn i nabolaget, på skulen, i byen og kjensla av at norske politikarar helst såg alle innvandrarar vel heime i sine respektive heimland. Det er langt vanskelegare å angripa slike årsaker til frustrasjon, dropout og kriminalitet. Men det er likevel langt meir presist enn å angripa nynorsken.

Men – det er godt vi har nynorsken, han bør i alle fall kunna ta på seg ein del skuld for det vonde som skjer!

Helsing ein av dei norske/nynorske lærarane med hakk i plata.

Kommentarar (1)

Det er ikkje høve til å kommentera.